TESTO DEL LIED

"Møte"
di Arne Garborg (1851-1924)

Ho sit ein Sundag lengtande i Li;
det strøymer på med desse søte Tankar,
og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
og Draumen vaknar, bivrande og blid.
Då gjeng det som ei Hildring yver Nuten;
ho raudner heit; - der kjem den vene Guten.
Burt vil ho gøyma seg i Ørska brå,
men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme Hender
og stend so der og veit seg inkje Råd.
Då bryt ho ut i dette Undringsord:
"Men snille deg då, at du er så stor!"
Og som det lid til svale Kveldings Stund,
alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer,
og brådt um Hals den unge Arm seg krøkjer
og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
i heite Sæle søv ho i hans Arm.