TESTO DEL LIED
"Vond Dag"di Arne Garborg (1851-1924)
Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld
til Sundag kjem; han hev so trufast lova,
at um det regnde Småstein yver Fjell,
so skal dei finnast der i "Gjærtarstova".
Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk;
ho eismal sit og græt attunder Busk.
Som Fuglen, sårad under varme Veng
so Blode tippar lik den heite Tåre,
ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng,
og vrid seg Notti lang i Gråten såre.
Det slit i Hjarta og det brenn på Kinn.
No må ho døy; ho miste Guten sin.