TESTO DEL LIED

"Millom Rosor"
di Kristofer Janson (1841-1917)

I Hagen sat Mod'ri med Barnet på Fang,
millom Rosor,
ho log, og ho hyfste det Dagen so lang
millom Rosor,
ho kysste på Auga, ho kysste på Kinn.
"Gud gjeve eg altid såg Kvilstaden din
millom Rosor."
Og Hagen vardt bladlaus, han døjdde kvar Leik,
millom Rosor,
I Stova låg Guten so kald og so bleik
millom Rosor,
Og Mod'ri batt gråtfull kring Kista ein Krans,
no skulde ho altid sjå Kvilstaden hans
millom Rosor.