TESTO DEL LIED
"Vesle Gut"di Kristofer Janson (1841-1917)
Vesle Gut sit paa Tuva med Taaror paa si Kinn.
Gud hjelpe den, som liten er,
han ingen Stad slepp inn.
Gud hjelpe den, som liten er,
kvat kann jan setja mot,
dei spenna til honnom, store, smaa,
og traka honnom med Fot.
I gaar so dengde meg no han Fa'r,
i dag so vart det ho Mo'r,
og Bertel meg radt paa Skogen dreiv,
og Bikkja beit daa eg for.
Og kvart i Verdi du enn deg snur,
dei smaa verda skremde i Baas,
for Bjørnen slår Labb i Reven sitt skinn,
men Reven tek feitta Gaas.
Sjølv Sporven Stakkar med Fjødrom graa,
fær aldrig vera i Ro,
han sit der syngjande paa sin Kvist,
til Hauken kjem med si Klo.
Skal alltid eg vera vesle Gut
kvar kjem eg vel av tilslut?
eg smyg inkje vel gjennom Verdi fram
med berre Taaror og Sut.
Skal alltid eg vera vesle Gut,
Vaarherre fær berga meg,
han hjelper vel den som Liten er,
han tek meg vel inn aat seg.