TESTO DEL LIED

"Guten"
di Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Du ferer vidt og du verdt trøytt
og Foten skjer.
Du græt, so Puta ofte bløytt
af Taarer er.
Med dette Salt du vaskas ut,
til dess du fær
i deg den sleipe, hvasse Lut,
som Livet tvær.
Daa veit du, hvad det segja vil,
at døy ifraa
det, som Ein lagde Hugen til
og Elsken paa.
Det Grøne saag du krullas turt,
som Blom til Høy
det Mindste var; hun visnat burt
di Ungdoms Møy.
Dersom du ikkje sviken var
so mangein Gang,
du Kjærleik aldrig sunget har
med rette Sang.
Du på Ruinerne maa staa
af Livet dit,
først rigtig daa du ret kan sjaa
ikring deg vidt.