TESTO DEL LIED
"Ved Rundarne"di Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)
No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
Ja Livet strøymer paa meg som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim til Notti vil meg lysa.